Skriv ut

Du er her: Startside / Aktuelt / Norge som innvandringsland


Tips oss

Har du tips eller ideer til noe vi bør ta. Send oss en e-post!



Norge som innvandringsland

Norge som innvandringsland

Universitetet i Bergen tilbyr våren 2010 to nye emne i vidareutdannings- programmet “Norge som innvandringsland”. Studiet rettar seg mot folk som arbeider med eller har tenkt å arbeide med innvandrarar eller flyktningar.

 

- Vi har opplevd ei auka interesse og trong for kunnskap kring innvandrings-, flyktning- og integreringsfeltet i Noreg, seier fagleg koordinator for programmet Hans Christian Farsethås. Han er no glad for å kunne tilby to heilt nye studieemne våren 2010.

Emne: “Unge flyktningar: eksilerfaring, sosialisering og inkludering”
Tek for seg integreringsspørsmål knytte til unge flyktningar og deira oppleving av eksil, sosialisering og inkludering i det norske samfunnet. Korleis tek vi i mot unge flyktningar, korleis opplever dei å kome hit, kva blir gjort frå styresmaktene si side og korleis kan vi innarbeide gode kommunikasjonsrutiner, er sentrale spørsmål.

Emne: “Arbeidsmiljø på fleirkulturelle arbeidsplassar”
Tek for seg integreringsspørsmål knytte til norske arbeidsplassar. Bakgrunnen for emnet er auka arbeidsinnvandringa som vi har sett dei seinare åra og utfordringane norske arbeidsplassar og arbeidstakarar står overfor.

- Søknadsfristen er 4. januar 2010 og vi har avgrensa tal på plassar, så her gjeld det å vere raskt ute, fortel Farsethås. Studiet går over 4 samlingar og blir avslutta med ei semesteroppgåve knytt til arbeidsstaden til studenten. Farsethås legg til at dei også kan tilby tilrettelagde dagskurs og konferansar.

Det er framleis høve til å ta dei to emna programmet har tilbydd tidlegare: “Det nye Noreg: Mangfald eller likskap?” og “Interkulturell kommunikasjon”.

Les meir på heimesidene til programmet

Kommentarer

Registrer deg som medlem for å skrive kommentar til artikkelen