Skriv ut

Du er her: Startside / Aktuelt / Offentleg utval for bustadpolitikken


Tips oss

Har du tips eller ideer til noe vi bør ta. Send oss en e-post!



Offentleg utval for bustadpolitikken

Regjeringa sette i statsråd 21.05.10 ned eit nytt offentleg utval som skal drøfte og gje tilrådingar om korleis sentrale oppgåver i den sosiale bustadpolitikken skal møtast i åra framover. Bjørn Arild Gram skal leie utvalet som legg fram innstillinga si innan 15.06.11.

- Regjeringa vil betre tilhøva for dei som slit på bustadmarknaden. Eg har tru på at utvalet vil gje gode innspel om kva som bør gjerast. Eg er særleg oppteken av at alle barn skal ha gode butilhøve. Det er ikkje haldbart at over 400 barn ikkje har ein fast bustad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Utvalet skal særleg vurdere utfordringar knytte til utleigemarknaden, bustadbehov, bustadlause, bustaden som ramme for barn sine oppvekstvilkår og rollefordeling. Organiseringa og forvaltinga av det bustadsosiale arbeidet skal også vurderast. 

- Vi veit at dei som leiger bustad har dårlegare levekår enn dei som eig. Derfor vil vi vurdere korleis fleire kan få eige bustad. Det medverkar til stabile butilhøve og at folk tek vare på bustaden sin, seier Navarsete.

I åra som kjem vert det fleire eldre. Mange av dei vil trenge tilrettelagte bustader. Det vil også vere utfordringar knytte til personar med funksjonsnedsettingar, unge i etableringsfasen, flyktningar, bustadlause og økonomisk vanskelegstilte generelt.

- Alle skal ha eit reelt høve til å busetje seg der dei vil. Rammevilkåra på bustadmarknaden er ulik for personar som ønskjer å busetje seg i ulike delar av landet. Difor vil vi sjå nærare på utfordringar i forhold til bustadbehov både i sentrale strok og i område med lågt folketal, seier Navarsete.

Kilde: Bo i Norden

Bo i Norden sine nettsider

Kommentarer

Registrer deg som medlem for å skrive kommentar til artikkelen